Er du glad i sjakk? Då er du hjarteleg velkommen til oss! Passar både nybegynnara og erfarne, unge og gamle, jenter og gutar. Berre kom ! Me har miniturneringar, sjokoladepremiar, gratis kaffe og gratis te! Dei som er erfarne hjelper deler gjerne tips og triks! Stad: Skjeraberget folkehelsehus i Bjerkreim (Pittervegen 6 på Vikeså). Klubbkveldar: Omlag annakvar måndag! Me delar kvelden opp i to bolkar: kl 18-20 og 20-22 . Velg det tidspunktet som passar deg best. Eller begge. Uansett ope for alle. Du kan også komme og gå når du vil. Turneringar: om lag 3 stk kvart halvår! Då inviterer me også i distriktet for å møte andre og kanskje sterkere spelara. Desse turneringane har ein eigen ekstra avgift på normalt 100 kr (50 kr for medlemmar i Bjerkreim sjakklubb). Medlemskap: Frivillig. Men evt medlemskap i klubben lokalt (100 kr pr år) gjer oss i stand til å servere kaffe og te og å ha litt enkle sjokoladepremiar. (VIPPS 122521) Medlemskap Norges Sjakkforbund: Det går også an å bli medlem av Norges Sjakkforbund (NSF) gjennom Bjerkreim sjakklubb. Det koster mer, men gjer deg nye moglegheitar. Spør oss.
SEMESTERPLAN HAUSTEN 2026:
Man 21. 09 kl. 18-20 og 20-22
Lør 03. 10 høstferieturnering kl. 12-16
Man 19. 10 kl. 18-20 og 20-22
Man 16. 11 kl .18-20 og 20-22
Man 30.11 kl .18-20 og 20-22
Man 14.12 kl .18-20 og 20-22
Man 28.12 romjulsturnering kl. 12-16
VELKOMMEN!